Gå til hovedinnhold

Innlegg

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…
Nylige innlegg

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.
Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten:"Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Situasjonen i Syria (Gjesteinnlegg)

Min introduksjon:På Facebook er eg venn med ein særs oppegåande kypriot som heiter George Ades. Han skreiv i går, den 17.12.2016 denne posten om Syria som eg syns var så god at eg ville oversetja den og posta den her på min egen blogg. Min plan var egentlig å skriva noke liknande sjøl, men den har så langt ikkje komt lenger enn kladdestadiet. Men George skriv jo minst like bra som eg! Håper å komma tilbake med lenker og oppfølging. Her kjem posten. Eg står ikkje inne for alle detaljar, men så langt eg kjenner til, er forteljinga riktig. Mulige oversettingsfeil er mitt ansvar, og om du lurer er den originalteksten lagt ved nedanfor.Gunnar Øyro
Ein kort oppsummering av situasjonen i Syria for å setja ting i perspektiv. Våren 2011 bestemte Washington seg for at dei ikkje ville at Assad skulle styra Syria. Grunnen? Deira egen, men den har alt å gjera med å tena amerikanske interesser.

Då Assad nekta å adlyda …

Folket må gå!

Wäre es daNicht doch einfacher, die RegierungLöste das Volk auf undWählte ein anderes?*
Idrettsforbundets ledar Børre Rognlien har visst nok sagt til Bergens Tidende at han meiner at folket opptrer inkonsekvent i OL-spørsmålet. Tenk det, Norge har eit inkonsekvent folk! For OL vil dei vera med på, men betala vil dei visst ikkje, i følge samme Rognlien. Dette ifølge Nrk. Bortsett frå at mannen tar hoppande, hakkande feil så skal eg la spørsmålet om akkurat det er inkonsekvent eller ei, liggja. For det er jo slik at sjøl om, hvis og når folket er inkonsekvente, så er det folket som bestemmer! Dette prinsippet heiter demokrati.

The Point of No Return

Du har sikkert høyrt historien om frosken på kokeplata: ein frosk som blir putta opp i kokande vatn vil hoppa ut umiddelbart. Men puttar du den opp i ei vatn som har passelig temperatur, så blir den. Aukar du så temperaturen gradvis, så syns den fremdeles temperaturen er passelig. Den tilpassar seg altså - og blir. Heilt til det er for seint. Når den ikkje lenger syns temperaturen er passelig, er den i ferd med å bli kokt, og klarer ikkje hoppa ut. Lenge har dette vore eit bilde på korleis klimaet nærmar seg eit Point of No Return. Kanskje har vi nådd dette punktet allerede? Dei siste meldingane om issmeltinga i Antarktis kan tyda på det.

Men bildet kan også vera passande å bruka på situasjonen for demokratiet i dag. Som Glenn Greenwald skriv i si nye bok, har målet til makta vore å vita absolutt alt som skjer på nett, alt du skriv på alle kanalar frå personlig epost til FB. Dei ville, som dei sjøl sa, "registrera, lagra, overvåka og analysera all elektronisk kommunikasjon frå a…