Anarkismen som holdning og idebank.


 

For å unngå dei verste misforståingane om kva underskrivne egentlig står for skal eg kort gjera rede for mine tankar om kva det betyr å vera ein anarkist i betydningen frihetlig sosialist. Eg betraktar disse to begrepa som overlappande, og det er i den overlappen eg befinn meg. Eg gir meg derfor ikkje ut på å definera eller forklara anarkismen i sin fulle bredde. For meg handlar det enkelt og greit om frihet, demokrati og rettferdighet. Det er også mulig at mange anarkistar vil benekta at underskrivne er anarkist, på samme måte som mange sosialistar har sagt at eg ikkje er sosialist! I så fall skal eg ikkje insistera på å vera nokon av delene. La oss diskutera verda, ikkje orda. Anarkistar er veldig glad i å teoretisera, og det er eg og, men sidan anarkismen mildt sagt er marginalisert og knapt nok har vore realisert nokon stad i historien, er det frukteslaust å markedsføra den som ein politisk pakkeløysing. Derfor vil eg her hevda den oppfatning at anarkismen først og fremst må vera ein holdning (eller helst ein praksis) og ein idebank.

Anarkismens problem

Anarkisme betrakta som SYSTEM har åpenbare problemer i forhold til for eksempel håndtering av kriminalitet og håndhevelse av loven, samt løysing av mellomfolkelig konfliktar. Men det er ikkje nødvendig eller fruktbart å betrakta anarkismen som eit heilhetlig system som skal ha svar på alle problem. Spesielt blir dette innlysande når ein tenkjer på at heller ingen annan "isme" eller politikk i praksis har vist seg å kunna løysa alle problem. Eg har ein fullstendig pragmatisk holdning til politisk praksis, og eg kan vanskelig sjå at ein som held frihetens og likhetens fane høgt kan ha ein annan holdning. MEN det betyr ikkje at ein behøver å vera moderat eller "revisjonistisk". Å stadig lappa på systemet har ført verda inn i ei blindgate, og verdens utarming av ressursgrunnlaget og skeive fordeling av godene viser at vi har behov for RADIKALE omveltningar, kall det gjerne revolusjon. Det betyr heller ikkje at ein skal la vera å ha ein heilhetlig VISJON (utopi) Alle (mennesker så vel som politiske parti) bør forsøkja å sjå ei alternativ verd framfor seg så fullstendig og tydelig som dei kan. Men når det kjem til stykket er det bare enkelt-idear som kan diskuterast i ein demokratisk prosess, i alle fall så underutvikla som systemdebatten er per i dag. Det er nettopp derfor anarkismen kan spela ein viktig rolle som idebank!

Kva anarkismen ikkje er og aldri kan vera:

Men før eg ser på kva slags fruktbare holdningar og idear som anarkismen kan bidra med, vil eg sei litt om kva anarkismen ikkje kan vera:

Bruk av vold og makt: Det er på sin plass her å minna om at anarkismen hverken er, eller kan vera ein voldelig ideologi. Tanken om bruk av vold er fullstendig uforenlig med tanken om frihet. Det gjeld på individnivå og det gjeld på samfunnsnivå.
Forholdet til loven: Anarkisme inneber heller ikkje at ein kvar kan gjera som ein helst vil. Anarkisme kan ikkje bety "uten lov", men det må bety noko for korleis loven blir vedtatt og korleis den blir håndheva.
Organisering: Anarki betyr ikkje kaos, som mange likar å framstilla det som. Det betyr så langt frå fravær av organisasjon. Det betyr bare eit arbeid mot ein bestemt type organisasjon, nemlig den topptunge sentralistiske organisasjon som gjerne blir betegna som pyramide.
Eigedom: Proudhon sa at "eigedom er tjuveri", og det er sant så lenge vi snakkar om kapitalistisk eigarskap av større bedrifter (meir om dette nedanfor) men det kan ikkje bety at ikkje kvar skal kunna eiga sin heim, gard eller personbedrift.

Koffor anarkismen ikkje er forenlig med kapitalismen.

Kapitalisme som ide kan vi fort og lauselig beskriva ved sine to hovedtrekk: 1) at virksomhetene er privateigde, og 2) at disse virksomhetene konkurrerer på eit marked for å selgja sine tjenester og varer. Og det er punkt 1) som er problemet. Ordet "privat" er forførande. Det gir inntrykk av at nærmast kvar og ein av oss kan eiga vår egen bedrift. Og i den grad det stemmer med verkeligheten er det heller ikkje vore noko problem. Problemet oppstår, og blir større, idet virksomhetene blir større og får tilsette som ikkje er medeigar i bedriften. Endå verre blir det når eigarane ikkje lenger arbeider i bedriften, men blir fjerneigar. Eit gigantisk samfunnsproblem blir det først når det oppstår enorme multinasjonale selskap som utnyttar arbeidskraft i lavkostland og som ikkje bare unndrar seg demokratisk kontroll, men som byggjer opp eit slags globalt "konsernstyre" som fratar det verkelege demokratiet makt.

Punkt 2, markedet er ikkje eit problem, men derimot ein stor utfordring. Det vil eg komma tilbake til i ein seinare post. Poenget her er at det er markedet som muliggjer og forstørrer dei ulikhetene som er innebygd i kapitalismen, Men det er den "private" eigarskapen som er årsaken. Når eg set "privat" i hermetegn er jo det fordi ein bedrift ikkje lenger kan betraktast som privat når den er eig av rentenistar og konsern på andre sida av kloden gjennom eit nettverk av krysseigarskap. For alle praktiske formål er ein slik bedrift minst like "kommunistisk" og udemokratisk som ein statseigd bedrift i det gamle Sovjet var. Eg vil derfor omformulera meg og sei at kapitalismens kjerne er at andre skal eiga din arbeidsplass og at andre skal profittera på ditt arbeid. Og då ser vi også grunnen til at ein frihetlig sosialisme nødvendigvis er uforenlig med kapitalismen fordi den fører til omfordeling av verdiar, og fordi den undergrev demokratiet.

Anarkismen som idebank

Og no er vi ved den frihetlige sosialismens kjerne: Den skal vera ein forlengelse eller utvidelse av demokratiet + rettferdig fordeling av goder. Det første representerer det frihetlige ideal, det andre sosialismens grunntanke. Alle idear som kan bidra i den retning er verdig ein plass i anarkismens idebank. La oss sjå på nokre idear knytta til demokratiet og virksomhetene.

1. Direkte demokrati og opne fora.

I dag har vi et sk. representativt demokrati. Vi veljarane har fjerde kvart år lov til å putta ein lapp i ei urne og ved det "sei vår meining" om korleis landet skal styrast. Det er alt! Resten av tida har vi lov til å meina noko, men ingen treng høyra på oss, for vi har gitt ansvaret frå oss til dei folkevalgte representantane som styrer på vegne av oss. Dette fører nødvendigvis til lav valgdeltakelse og liten interesse for politikk. Det gir liten folkelig innflytelse på beslutningar, men desto større muligheter for å bli påvirka av kapitalkrefter. Det fører også ofte til lukka prosessar. Verst ser vi dette i overnasjonale organ der sakspapira og deltakarane sine posisjonar er hemmelige. Dei overnasjonale organa blir dermed lukka forsamlingar utan innsyn og utan reell styringsmulighet for offentligheten, og representerer eit stort problem for demokratiet.

Eit alternativ til dette er direkte demokrati der alle som er berørt av ein sak kan vera med og bestemma gjennom folkeavstemmingar og opne fora. Det er ingenting som tilseier at diskusjonen om det globale miljøet må førast på eit "høgare nivå" enn diskusjonen om td. fotballbinge i nabolaget. Disse diskusjonane skil seg bare ved at den eine angår fleire mennesker enn den andre. Koffor skal då den eine diskuterast av ministrar og andre statsrepresentantar mens det andre blir diskutert i plenum? Den einaste grunnen (som vi kan godta) er at ein enno ikkje har klart å danna ein organisasjon som løyser dette i praksis. Men i dag er direkte demokrati mulig. Ein kan td. publisera saksdokument og arrangera avstemmingar via internett. Til innvendingen om at ingen vil klara å setta seg inn i alle dokumenta og at avstemmingen dermed blir basert på manglande kunnskap, er det bare å seia at slik er det no også. Hverken stortingsrepresentantar, eller langt mindre EU-representantar har i dag anledning til å lesa alt, og vi som dei liksom representerer, har ikkje ein gong tilgang.

2. Virksomhetene

Vi har ein tendens til å laga lukka organisasjonar i staden for opne fora. Eit forum er ein møteplass og ein stad der menneske møtest for å løysa sine felles utfordriingar og har såleis ingen sjølvstendig eksistens. Forumet opphøyerer å eksistera i det møtet er over, eller oppgava løyst. Ein organisasjon på den andre sida, lever sitt eige liv, og vil uungåelig begynna å tenkja like mykje på seg sjølv som på dei og det den er sett til å tena. På samme måten som vi har gitt staten ein sjølvstendig tilværelse, har vi også oppretta bedriftene som sjølvstendige enheter. I dag er virksomheter juridiske personar som har sitt eige liv. Dei kan eiga andre bedrifter og dei sender sine egne representantar for å delta i styre og stell. Liberalismens gigantiske feilslutning er å gi disse kunstige skapningane rettigheter og friheter på bekostning av menneska.

Mens bedriftene i verkeligheten skulle tena eit ideelt formål, nemlig å produsera tenester og varer for samfunnet og gi folk arbeid, er dei i realiteten profittmaskinar for sine eigarar. Varer, tenester og arbeid er eit biprodukt, men ikkje hovedformålet. Andre biprodukt er netto kapitaloverføring frå arbeidarane, markedet og omgivelsane til virksomhetene og eigarane, og med det følgjer også ei tilsvarande maktoverføring. Disse profittmaskinane beveger seg på kanten og over loven, på tvers av landegrenser og utanom jurisdiksjonar med store følgjer for miljø og samfunn. I staden for å forsøkja å regulera disse profittmaskinane utanfrå, noko som har vist seg veldig vanskelig, er det opplagte svaret å endra dei innanfrå.

Ein slik endring må gå direkte på eigeforhold og profitt. Ideelt sett bør ikkje privatpersonar eiga meir enn sin andel av bedriften, rekna i forhold til kor mykje dei arbeider der. Dei bør heller ikkje kunna eiga andre foretak. Bedriftsstyrene må vera demokratisk valgt gjennom bedriftsforsamlingar. Ingen bør heller kunna tena pengar på å ha pengar. Det betyr slutt på profitt frå aksjer og fri omsetning av aksjer, samt null realrente. Alle kapitalbehov bør kunna fyllast av kollektive og ideelle bank- og finansieringsselskap. Tenk over dette! Eg påstår at alt dette er mulig å gjennomføra i praksis! Alle innvendingar er som regel variantar av sirkelargumentet: "det går ikkje fordi ingen er for det, og ingen er for det fordi det ikkje går".

På veien mot ein ny type virksomhet må vi arbeida for: meir arbeiderstyrte bedrifter, meir arbeidereigde bedrifter, fleire bedrifter styrte og eigd av lokalsamfunnet, fleire kooperasjonar av ulike slag, og fleire enkeltmannsforetak, ideelle foretak og stiftelsar. Vi bør gå inn for meir gjensidige bank og forsikringsordningar, fleire rentefrie bankar, bytteringar og meir solidarisk handel. Vi må også helsa velkommen alle forsøk på å redusera mulighetene til å ta ut profitt, spekulasjon og pengeflytting, raida bedrifter, kjøpa opp kunkurrentar, og etablera monopol.

Anarkismen som ein holdning: (ikkje livsstil)

Men ingen idear har stor verdi som ikkje fører til handling. Det viktigaste i dag er derfor at vi legg til sides den lydigheten som vi har blitt opplært til gjennom skule og liv (sjådet @narkistiske barnet) og deltar der vi kan. Men eg skal ikkje fortelja deg korleis. Det fins ei rekkje gode saker og frivillige organsisasjonar som fortener støtte, men det får du finna ut av sjølv. Men eg vil gjerne at du er ulydig og yter motstand! Anarkismen inneber ein naturlig motstanden mot og skepsis til myndigheter og maktpersonar fordi disse i like stor grad representerer seg sjølv som folket. Ulydighet betyr ikkje å vera ulydig når ein kan, men når ein må. Det betyr at alle former for ikkje-voldelig motstand og aksjonisme, så som sivil ulydighet kan brukast når det er nødvendig.

Noam Chomsky (Noam Chomsky on Anarchism) seier at alle autoritetar må utfordrast."Anarchism, in my view, is an expression of the idea that the burden of proof is always on those who argue that authority and domination are necessary. They have to demonstrate, with powerful argument, that that conclusion is correct. If they cannot, then the institutions they defend should be considered illegitimate. How one should react to illegitimate authority depends on circumstances and conditions: there are no formulas."

LENKER

http://no.wikipedia.org/wiki/AnarkismeAn Anarchist FAQ Webpage
Sjå også Anarkismen: ein introduksjon

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet