The March of Folly


Pavar kjem og pavar går. Men hvis du, som meg, syns heile pavestyret er fjollete, så husk at historisk sett har fjolleri vore, om ikkje ein forutsetning for å få embetet, så i alle fall ein svært framtredande egenskap. Under renessansen regjerte seks pavar som var så groteskt ekstravagante og så oppsette   på personlig vinning at dei styrte kyrkja rett i grøfta. Historiane deira viser at sjølv dei 'hellige menn' er barn av sin tid. Om dette skriv historikaren Barbara W. Tucman i boka "The March of Folly". Her skal vi sjå eksempel på disse fjollete menn:
(Alle sitater er frå boka)

1. Nepotisten: Sixtus IV, 1471-84

Etter dyktig taktisk manøvrering av den rike kardinal Rodrigo Borgia, som seinare skulle komme til å sitja i pavestolen sjølv, vart fransiskanaren Francesco della Rovere valgt til pave under navnet Sixtus IV i 1471. Denne mannen gav ordet nepotisme eit ansikt. Han kom frå ein fattig familie, og såg det då som si største oppgave å berika slektningane. Han gjorde derfor fem nevøar og ein grandnevø til kardinalar og ein annan fekk bli biskop. Fire av nevøane og to nieser vart gifta inn i dei regjerande familiane i Napoli, Milano og andre byar. Også kongelige fekk nyta godt av hans gavmildhet. To prinsesøner vart valgt til erkebiskopar av Lisboa og Milano då dei var henholdsvis åtte og sju år gamle.

Etter kvart auka motstanden mot Sixtus. Eit satirisk skrift samanlikna han med satan sjølv, men til liten nytte, for kritikarane vart sende i fengsel. Samtidig gjekk han til krig mot Venezia og Ferrara, og han dreiv ein hardnakka kampanje for å fjerna den mektige Colonna i Roma. Men det mest skandaløse av hans fjolleri var kanskje hans tilknytning til, og mulige medvirkning i Pazzi-plottet for å myrda Medici-brødrene. Plottet mislykkast delvis og Mediciane hevna seg, bla. ved å hengja ein erkebiskop. Paven vart rasande og bannlyste like godt Lorenzo de Medici - så vel som heile Firenze!

2. Sveklingen Innocent VIII, 1484-92 

Innocent heitte egentlig Giovanni Battista Cibo og var ikkje tiltenkt ein karriere i kyrkja. Han starta den likevel etter ein "normalt misbrukt ungdom", der han vart far til eit uekte barn. Han vart gjort til biskop i 1473 av pave Sixtus som "gjenkjente hans føyelige natur". Cibo havna i pavestolen nesten ved ei ulukke. Til tross for bestikkelsar kunne ingen av dei to største favoritane, den før nevnde kardinal Borgia og Sixtus sin nevø Giuliano della Rovere, skaffa nok stemmer. I frykt for at ein tredje kandidat skulle stikka av med førsteprisen samla dei seg i staden om den beskjedne Cibo, som dermed vart pave Innocent VIII.

Borsett frå meir eller mindre mislykka krigseventyr mot andre italienske statar og korstog mot Tyrkia, var kanskje Innocent mest opptatt av sonen Franceschetto, som han klarte å få gifta bort til ei dotter av Lorenzo de Medici. Bryllupet var så dyrt at han måtte pantsetja pavetiaraen. På alle andre områder måtte han som regel bøya seg for den energiske kardinal Borgia. Sidan forgjengaren Sixtus hadde fylt opp kardinalsetene med sine folk, var det liten plass for Innocent sine. Men han fekk då pressa inn ein nevø han også. Kardinalane rekna seg som kyrkjelege prinsar, og levde deretter, i palass med hundrevis av tenarar. Under Innocent og Sixtus sank den moralske standarden merkbart. Nye stillingar og titlar vart skapt og lagt ut for salg for høgstbydande og av dette fekk paven 150 dukater medan resten gjekk til sonen. Kanskje ikkje så rart då at mange av disse offisielle seinare vart arrestert for salg av forfalska pavebrev.

3 Kynikaren Alexander VI, 1492-1503

Etter at Innocent døydde var det endelig kardinal Rodrigo Borgia sin tur. Gjennom sine ulike stillingar, deriblandt tre bispeseter i Spania hadde han vorte fryktelig rik. Så rik at han rett og slett kunne kjøpa pavetittelen før han tok navnet Alexander VI. Den eine av konkurrentane , kardinal Ascanio Sforza vart betalt fire muldyrlaster med pengar, noko paven seinare skrytte av. Den andre konkurrenten kjenner vi frå før, nemlig kardinal Guliano della Rovere. Han vart så sint for dette at han seinare forsøkte å få paven avsett ved å intrigera med den franske kongen. Pave Alexander, som skal ha begått sitt første mord i ein alder av 11, var ein kynisk og amoralsk mann som etter sigende likte "å gjera ubehagelige ting på ein behagelig måte". Motstandarar vart forgifta, fengsla eller uskadeliggjort på andre måtar. I 1490 hadde dominikanaren Girolamo Savonarola rørt opp motstanden mot paven. Han forlangte reform og fekk etter kvart så stor makt at han måtte stoppast. Alexander forbaud han først å snakka, men uten resultat. Då heller ikkje bannlysing virka fekk Alexander myndighetene i Firenze til å arrestera Savonarola under trussel om at heile byen ellers ville bli bannlyst. Savonarola vart så torturert, henretta ved henging og for sikkerhets skuld, brent. Italienarane er nøye med sine mord.

Alexander som sjølv vart utnevnt til kardinal av sin onkel Alfons de Borja (pave Callixtus III) var heller ikkje ukjent med nepotisme. For å auka inntektene utnevnte Alexander mange nye kardinalar, i alt vart antalet auka frå 24 til 43. Mellom dei Allesandro Farnese som seinare vart pave Paul III (1534-49). Han var bror til ei av elskerinnene Giulia "la bella" Farnese, og det var nok årsaken til den utnevnelsen. Han utnevnte også sonen Cesare, som var så ueigna til embetet at han måtte oppgi det til fordel for meir passande arbeid innan krigføring, som jo er den einaste beskjeftigelsen som kan seiast å vera meir fjollete enn å vera pave.  Denne mannen var om mulig endå meir brutal og hensynslaus enn faren og ikkje utan grunn beundra av Machiavelli. Då broren hans Juan vart funnen flytande i Tiberen med ni knivstikk i kroppen vart han rimeligvis fort mistenkt.

Alexander hadde minst tre barn med diverse uregistrerte elskerinner og fire med den anerkjente elskerinna Vanozza de Cataneis som vissnok skal ha etterfulgt mor si i den rollen. Dottera Lucrezia vart først gift til ein nevø av kardinal Sforza, kanskje som ein del av kjøpet av denne. Men då Alexander seinare ikkje hadde så veldig bruk for Sforza, annulerte han like godt dette ekteskapet og fekk henne gift med den napolitanske arvingen Alfonso av Aragon. Og denne gongen var ho faktisk glad i mannen. Desverre for ho, for han vart tatt av dage i 1501. Og kven var det? broren Cesare selvfølgelig... For ein familie!

Og sånn gjekk no dagane.

Alle pavane frå renessansen heldt fjolleriet høgt i hevd. Rett nok hadde det vore to mellompavar som var lovande men som det desverre ikkje vart noko av. Den første var Francesco Piccolomini, som tok navnet Pius III(1503). Han var kjent for sin vennlighet og gavmildhet, og vart tatt i mot med jubel. Men det skulle ikkje vara lenge, for svakelig som han var, døydde han etter bare 26 dagar (somme meiner at han vart forgifta). Den andre varte litt lenger. Det var Adrian av Utrecht som under navnet Adrian VI (1521-23) faktisk prøvde å reformera kyrkja, men som døydde etter to år i pavestolen uten å ha oppnådd stort.

Men dei andre oppnådde noko. I 1503 kom omsider kardinal della Rovere til makta. Han vart kjent som Krigarpaven Julius II (1503-13). Deretter kom Ødelandet Leo X (1513-21) og til slutt sjølve Katastrofen Clement VII (1523-34) som vart så hata av folket at dei drog liket hans opp av grava og mishandla det på det grovaste. Kreativt, kan ein kalla det! Den samla effekten av våre menns heilhjerta innsats i pavestolen for å vanæra kyrkja let ikkje venta på seg. Reformasjonen kom, og kyrkja vart splitta. Det er klart at når det gjeld fjolleri har den noverande paven mykje å læra. I selskapet med disse fjolleriets mestrar er han enno bare småguten!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet