Innlegg

Viser innlegg fra april, 2014

Det amerikanske voldsapparatet:

Bilde
Dessverre ingen aprilspøk 1 april 2014 , nådde meldinga meg om at uteliggaren James M. Boyd . for to veker sidan vart skoten og drepen av politiet i byen Albuquerque . Årsaken? At han var uteliggar. Han hadde slått leir på eit område der dette ikkje var lovlig. Det høyrest ut som ein aprilspøk, men er det dessverre ikkje. Heldigvis har ikkje reaksjonane uteblitt. Hackergruppa Anonymous utførte nylig eit såkalt ddos angrep på politiets webside som førte til at den gjekk ned, og  hundrevis har teke til gatene for å protestera men vart møtt med tåregass av politiet . Politiet hevdar nedskytinga av Boyd var sjølvforsvar, (kanskje er det dette som er aprilspøken?) men for alle andre er det klart at dette er ein utenrettslig avretting . Avisa Independent skriv at dette ikkje er noko nytt for innbyggjarane i Albuquerque. Sidan 2010 har politiet vore involvert i 37 skyteepisodar. Av desse fekk 23 dødelig utgang, Ifølge gruppa  ProgressNow, skaut byens politi ned fleire mennesk