Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2014

The Point of No Return

Bilde
Du har kanskje høyrt historien om frosken på kokeplata: ein frosk som blir putta opp i kokande vatn vil hoppa ut umiddelbart. Men puttar du den opp i ei vatn som har passelig temperatur, så blir den. Aukar du så temperaturen gradvis, så syns den fremdeles temperaturen er passelig. Den tilpassar seg altså - og blir. Heilt til det er for seint. Når den ikkje lenger syns temperaturen er passelig, er den i ferd med å bli kokt, og klarer ikkje hoppa ut. Dette er visst ein vandrehistorie, men har ofte vore brukt som bilde på korleis klimaet nærmar seg eit Point of No Return . Kanskje har vi nådd dette punktet allerede? Dei siste meldingane om issmeltinga i Antarktis kan tyda på det. Men bildet kan også vera passande å bruka på situasjonen for demokratiet i dag. Som Glenn Greenwald skriv i si nye bok, har målet til makta vore å vita absolutt alt som skjer på nett, alt du skriv på alle kanalar frå personlig epost til FB. Dei ville, som dei sjøl sa, "registrera, lagra, overvåka og an