Gå til hovedinnhold

Syria: alternative stemmer

Stemmene frå Syria:

Eva Bartlett er ein kanadisk journalist. Under Gaza-krigen i 2008 og 2009 var Bartlett på Gazastripa og rapporterte fra krigshandlingene der. Seinare har ho rapportert mykje frå Syria, som ein av dei få vestlige journalistane. Dette kan du lesa om på bloggen hennar: IN GAZA and beyond. Ho har artiklar i mellom anna RT og Mint Press.

Tim Anderson er forelesar i politisk økonomi på universitetet i . og har skrive den viktige boka "The Dirty War on Syria".

Andrew Ashdown er ein engelsk prest som har reist mykje både i Syria og andre deler av midtausten. Hans opplevelsar kan du lesa om i bloggen hans.

Tom Duggan er ein engelsk journalist med base i Damascus. Du finn ein del artiklar av han her.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.
Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten:"Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare…